Klodeklubben. Hytta som forsvann (bok 2)

Ruth Lillegraven

På garden der Vanja bur, er dyra nett sleppte ut på beite. Men så blir fleire av dei sjuke. Samtidig skjer det noko med den tomme hytta i skogen, der Vanja og Sivert alltid har leika. Ein dag blir ho riven, og søppelet flyt rundt i naturen. Kven er det som riv gamle hytter og bygger nye? Og kven er det som kastar frå seg avfall som dyra tar skade av?

Hytta som forsvann er andre bok i Klodeklubben – ein heilt ny spenningsserie om miljø og klima for barn i alderen 6-9 år, skriven av Ruth Lillegraven og illustrert av Jens Kristensen. Boka inneheld ein bonusdel med miljøfakta frå Aftenpostens Ole Mathismoen.

Første bok, Dei svarte svanene, blir utgitt samtidig som Hytta som forsvann. Bok nr. 3 i serien kjem hausten 2020.

I Klodeklubben finn vi Vanja, Sivert og Mo. Dei bur i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv på ein liten stad kan mystiske ting skje. Bli med dei tre vennene på jakt etter miljøskurkar.


ISBN: 9788252199161

Kategoriar: Barne- og ungdomsbøker, Kommande bøker, Ruth Lillegraven,

Emneknagg: 2020, Klodeklubben,

Sjanger: 6–9 år


Meir frå Ruth Lillegraven