Kjøkkenheisen

Harold Pinter | Bjørn Endreson | Jon Fosse

Vinnar av Nobelprisen i litteratur 2005Harold Pinter (f. 1930) livnærte seg som turnerande skodespelar i ungdommen, og blei i 1957 spurt om han kunne skrive eit stykke som eit studentteater i så fall skulle setje opp veka etter. Pinter gjekk i gang, og på fire dagar skreiv han The Room. Og med det rommet, der ei dør fører ut til ei fiendtleg og farleg verd, er ein av dei grunnleggjande dramatiske situasjonane i Pinters forfattarskap etablert.

Harold Pinter har sidan skrive ei lang rekke stykke, dei fleste ganske korte, og noko av det som imponerer mest med forfattarskapen er den konsekvens, den stadige variering av det same, eller om ein vil, den mangel på fornying, som lar seg følgje i stykka hans, til dømes i Landskap, Stille, Natt (frå rundt 1970) og i Ingenmannsland (1975), fram til Av jord er du komen (1996).

Harold Pinter veit korleis ein på scenen skal få til ein atmosfære som er uforståeleg og samtidig komisk og samtidig uforståeleg komisk, skriv Georg Hensel i sin Spielplan, og legg til: Når Pinter er på sitt beste lar han avgrunnen, æve-perspektivet, glimte til midt i banalitetane.


ISBN: 9788252157253

Kategoriar: Harold Pinter, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2001, Hefta,

Sjanger: Lyrikk, drama og essay



Meir frå Harold Pinter