Last ned omslag

Bla-i-boka

Kælven

Leif Høghaug

Om vald, brotsverk, skuld og soning

«Dei siste daga har je tenkt og tenkt på ei seinsåmmårsnatt je lenge prøvde å glømme.»

Slik opnar forteljaren romanen, der han sit i eit underjordisk kontorlandskap og spissar blyantar, makulerer papir og kokar kaffi til dei andre tilsette. Men innimellom det meiningslause arbeidet får han klort ned nokre namn og setningar, og han manar fram ei soge frå dei hadelandske 1980-åra. I denne soga er Hadeland ein skuggeheim der skrømt, attergangarar, englar og robotliknande skapningar er like naturlege som dyr og menneske av kjøt og blod.

Kva var det som hende den seinsommarsnatta? Kva er det forteljaren har prøvd å gløyme? Og kven er denne Kælven, som blei «slin hælft ihjæl»? Forteljinga går i sirklar og kastar om på hendingar, tid og stad. Kælven og dei andre karakterane – til dømes Ænners, Pærepål, Knutsprut og Beinrangelroger – er som fanga i ein kvervelvind frå Dantes Inferno.

Kælven er ei bondeforteljing, ein westernroman, eit draumkvad, eit eventyr, science fiction og ein svart komedie om vald, brotsverk, skuld og soning.

Frå Bokmeldingar

«Mange seier at Noreg er eit idyllisk land. Det er ikkje sant. Noreg har ein dårleg nyliberal, til tider skandaløst inhabil regjering; til dømes har NAV mistolka ein lov, som har ført til at mange menneske er uskuldig dømt for sosialt bedrageri – men ingen måtte gå av (...) Leif Høghaugs roman Kælven (...) tar for seg denne politiske problematikken. Boka er ein arbeidarroman for det 21. århundre, som gjennom svart komedie utforskar verknaden av nyliberal sosialpolitikk på kropp og psyke.» Matthias Friedrich i intervju i TRIER VOLKSFREUND



Meir frå Leif Høghaug