Kant-i-kant

Einar Økland

Essay om alt frå krig og målarkunst til marsipan og snømenn

Etter sju år er Einar Økland endeleg tilbake med ei ny essaybok, beståande av bortimot førti tekstar. Her er festtaler, opningstaler, intervju og bestillingsverk, her blir det tala om alt frå krig og målarkunst til marsipan og snømenn.

Forteljaren er kunnskapsrik, underhaldande, skarp, audmjuk, humoristisk og alvorleg. Både nyskrivne tekstar og tidlegare presenterte tekstar har fått sin plass her, og dei er alle utstyrte med ingressar som plasserer dei i ein kontekst. Forfattaren har også skrive eit forord.

Tekstane er skrivne med kjærleik til dei små tinga, og dei ofte gløymde eller sjeldan openberre tinga. Lesarane får gjennom essaya også innblikk i forfattarens eiga historie, bakgrunn, interesser og vennskap.

Frå Bokmeldingar

"Kant-i-kant er tvers gjennom ei stimulerende og skarpt formulert bok som vitner om forfatterens glede både ved å stille utradisjonelle spørsmål og ved den ukonvensjonelle kunnskapen som blir resultatet av dem."
Kåre Bulie, Dagbladet

"Øklands tekster er imøtekommende, men krever konsentrasjon. De gir lite gratis, men mye glede. Forfatteren er god på kunnskap, har teft for formidling og en humor som gir prosasamlingen snert."
Arnstein Olaisen, Haugesunds Avis


ISBN: 9788252171587

Kategoriar: Einar Økland, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2008, Innbunden,

Sjanger: Lyrikk, drama og essay



Meir frå Einar Økland