Kalvø på scenen

Are Kalvø

Tull, tøys og teater - det næraste du nokon gong kjem ein biografi om Are Kalvø!

Are Kalvø er ein av dei største komikarane her i landet. I løpet av dei siste tjue åra har meir enn ein halv million nordmenn sett framsyningar han har vore involvert i. Kalvø har blitt nominert til fleire komiprisar og til Hedda-prisen. 

Her kan du lese om Kalvøs sceneliv, frå den første blasfemianklagen i tredjeklasse og russerevyen i heimbygda Stranda, til karrieremilepælar som standupdebuten på homseklubb, det første trusselbrevet og dagen han forstod at ein ball kan syngje. Her er høgdepunkt frå revy- og standupverksemda samla for første gong. I tillegg får du tekstane frå Norge–Brasil, ein fotballopera, frå Kalvø – ein time av livet ditt du aldri får tilbake og frå Halve kongeriket. Norsk politikk – the musical

Boka er rikt illustrert med bilete frå framsyningar, avisutklipp og private bilete. 

Dette er garantert det næraste du kjem ein sjølvbiografi av Are Kalvø.  


ISBN: 9788252192346

Kategoriar: Are Kalvø, Årets bøker, Fakta og dokumentar

Emneknagg: 2016, Innbunden,

Sjanger: Biografi og portrett



Meir frå Are Kalvø