Last ned omslag

Bla-i-boka

Kald krigs kviskring

Arnhild Skre

Nytt blikk på etterkrigstida

«Eg trudde lenge at eg voks opp i ei roleg tid på ein stad verna for verda. Larmen frå andre verdskrigen var stilna. Atomprøver small i den tidlege kalde krigen, men smella var langt borte.»

Slik tenkte historikaren Arnhild Skre lenge om barndommen sin i 1950-åra. Men no, med barndommen på avstand, har ei uro slått inn og skapt tvil. Kanskje levde ho også ein kaldkrigsbarndom?

Norsk NATO-medlemskap frå 1949. Frykta for atombomba. Koreakrigen 1950–1953. Kommunistjakt. Cubakrisa i 1962. I denne nyskapande og velskrivne essaysamlinga utforskar Skre korleis desse hendingane var med og forma norske barnesinn etter andre verdskrigen.

I Kald krigs kviskring blir idyllisk etterkrigsbarndom omskapt til forteljingar om kvardagslusking, forteiing, angst for atomkrig. Og om ein kaldkrigsmentalitet som velta rundt på norsk daglegliv og kultur.

Frå Bokmeldingar

Terning 5 Når ein så stilsikker og rutinert biograf og essayist som historikaren Arnhild Skre (f. 1952) grev seg ned i alt det som hende og prega desse åra, og flettar det saman med eigne minneglimt, blir det både interessant og opplysande.
Alf Kjetil Igland, Fædrelandsvennen

Skre kombinerer fortreffelig egne tanker og minner med kunnskap.
Tore Linné Eriksen, Klassekampen


ISBN: 9788252193565

Kategoriar: Alle bøker, Arnhild Skre, Fakta og dokumentar

Emneknagg: 2017, Maisal, Nyheit,

Sjanger: Historie



Meir frå Arnhild Skre