Juleroser 2016

Heftet er utseld frå vår nettbutikk og frå lager, men det finns for sal i kiosk, daglegvare og bokhandel over heile landet

Juleroser er eit litterært julehefte med bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane og kunstnarane i vår tid. Herborg Kråkevik er redaktør for det vakre juleheftet. Fjorårets Juleroser var det første i sitt slag sidan 1944, og det blei ein stor suksess. Også i årets juleroser ønskjer vi å gi lesarane store kunstopplevingar. Juleroser 2016 har bidrag frå H.M. Dronning Sonja, Anne B. Ragde, Kim Leine, Vetle Lid Larssen, Helge Torvund, Kolbein Falkeid, Sverre Malling, Håkon Gullvåg, Marianne Heske, Theodor Kittelsen med fleire.

Juleroser er i sal i butikkar over heile landet frå 21.november. Juleroser er eit samarbeid mellom Egmont og Samlaget.



«Juleroser låg alltid framme i jula då eg var barn. Eg opna dei med andakt, for dei var så skjøre og vakre, dei måtte takast varsamt i. Dei såg gamle ut, men historiene eg las verka nye og vedkommande, sjølv om dei var skrivne i ei anna tid enn mi. No er dei her igjen, rosene. Eg håper, kjære lesar, at Juleroser kan gi deg jul i hjarta, slik dei gjorde for meg, og at vi har klart å lage noko som er så vakkert at det ikkje blir kasta ut med det brukte julepapiret, men held seg, både for auga og for sinnet, for både deg og dei som kjem etter.»

Herborg Kråkevik

Frå Bokmeldingar

Terning 6 "Full pott til juleheftet som skiller seg ut fra mengden: Terningkast 6 til Herbjørg Kråkeviks vakre «Juleroser»."
Geir Flatøe, Stavanger Aftenblad

Terning 5

"(...) helstøpt magasin fylt til randen av tankevekkende tekster og lekre bilder."

Harald Fossberg, Aftenposten

“Juleroser, som best mestrer balansegangen mellom nostalgi og modernitet."
Ola Hegdal, NRK


ISBN: MA52160

Kategoriar:

Emneknagg:

Sjanger: Julehefte



Meir frå Herborg Kråkevik (red.)