Jørgen Løvland

Per Eivind Hem

Jørgen Løvland (1848-1922) var i 35 år ein av landets mest sentrale politikarar og ein av arkitektane bak unionsoppløysinga i 1905.

Bondesonen frå Evje i Setesdal vart vår første utanriksminister med ansvar for å byggje opp utanriksdepartementet. I denne biografien maktar statsvitaren Per Eivind Hem å lyfte han fram i lyset att. Biografen har fått tilgang til eit stort og hittil ukjent kjeldemateriale, og boka er rikt illustrert.

Per Eivind Hem er ein miljømedviten forfattar og er oppteken av svanemerking av bøker. Løvland-biografien er difor miljømerka.

Løvland-biografien vart lansert med eit flott arrangement på Nobelinstituttet 15. september. Det var stort oppmøte av både presse og andre inviterte.


ISBN: 9788252164282

Kategoriar: Per Eivind Hem

Emneknagg: 2005, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Per Eivind Hem