Jasså, døkk sit og glor?

Jan Langlo | Ingvald Bergsagel

Norske filmreplikkar gjennom tidene

Det er på tide å rulle inn puppen, snurpe igjen smella og dra seg baklengs inn i fuglekassa. Derfrå kan du la deg forbause, sjokkere og more over hundrevis av kjente, mindre kjente og totalt obskure replikkar frå norsk filmhistorie �� frå dei første lydfilmane på 1930-talet og fram til i dag.

For første gong er eit stort utval med berre norske filmreplikkar samla i bokform. Seksualliv («Puling, det blir man veldig fort lei av»), alkohol («Så lenge’n har tomflasker, så er’n i all fall ikke fattig») og generell bannskap («Din ulkedupp!») er sjølvsagt godt representert, men her er også meir eller mindre djupsindige filosofi ske tankar om livet, døden, kjærleiken og havet.

Are Kalvø har skrive etterordet. I tillegg har forfattarane intervjua ein av dei mest sitatvennlege norske filmskaparane, Petter Vennerød.

Forfattarane har òg laga ei enkel oppskrift på korleis du lett kan lage filmquiz av boka!

Frå Bokmeldingar

"Tørre eller finurlige. Klamme eller ganske morsomme. Visdom og dårskap. Blødmer og skarpe observasjoner."
Arnstein Olaisen, Haugesunds Avis


ISBN: 9788252172225

Kategoriar: Jan Langlo

Emneknagg: 2008, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Jan Langlo