Jakob Sande

Ove Eide

Den første store biografien om den ramsalte spottaren, den folkekjære visediktaren og den vare lyrikaren.

Frå debuten i 1929 og i heile etterkrigstida var Sande ein av landets mest populære diktarar, og mytane og anekdotane om den gåverike klokkarsonen, den kvinnekjære sunnfjordingen og festglade diktaren er både fargerike og sjølvmotseiande. Ove Eide gjennomlyser bakgrunnen og den tidvis tragiske livssoga til denne ”nynorskens Alf Prøysen”, lektoren som drog til sjøs, og som brukte alle sine år i Oslo på å skrive om og lengte heim til sitt vestnorske folk og landskap. Biografien har ei stor mengd foto som ikkje tidlegare har vore publiserte.

Frå Bokmeldingar

"Følsom lesning, solid bibliografi og mye stoff som beriker Sandes verk og utdyper forestillingene om hans liv"
Arnhild Skre, Aftenposten

"Jakob Sande har fått ufortjent status som moromann. Den store dikteren er glemt, sier biografen Ove Eide."
,

"Fortener å bli ståande som standardverket om forfattaren"
Per Olav Kaldestad, Bergens Tidende

"Ove Eide har laga ein ny bauta over lyrikaren Jakob Sande, der han ser attom karnevalsdiktaren... Dette har blitt eit nøkkelverk til å få overblikk over og forstå den særmerkte forfattarskapen til Jakob Sande"
Jarle Varpe , Firda

"Alvor og humor, bøn og banning – med andre ord er det endeleg komme ein god og grundig biografi om Jakob Sande.. Det er eit storarbeid Ove Eide her legg fram, biografien er full av interessante, tankevekkjande og triste opplysningar... Ove Eide har skrive ei sterk og medrivande bok, han rettar lyset i mange retningar og det veks fram ei kjensle av at nærare sanninga kjem vi truleg ikkje når det gjeld denne samansette diktaren frå Sunnfjord."
Bjarte Botnen, Vårt land


ISBN: 9788252164978

Kategoriar: Fakta og dokumentar, Ove Eide

Emneknagg: 2006, Innbunden,

Sjanger: Biografi og portrett



Meir frå Ove Eide