Ingen heime

Sigrid Merethe Hanssen

Solid og medrivande andrebok frå ein spennande novelleforfattar

Med den andre novellesamlinga si etablerer Sigrid Merethe Hanssen seg som ein ny, spennande novelleforfattar, når ho med stø hand og stor innleving skriv om menneske som ikkje kjenner seg heime i sitt eige liv, og som på kvar sin måte tek steget ut frå dei faste rammene �� med dei konsekvensane dette får.

Vi møter ei ung kvinne som vegrar seg for nære relasjonar, ein familiefar som treffer ei framand kvinne på ein kyrkjegard, ein eldre mann som legg ut på den siste køyreturen sin, og i tittelnovella oppsøkjer hovudpersonen fortida – for å kvitte seg med henne.

Frå Bokmeldingar

"Sigrid Merethe Hanssen debuterte i 2007 med den stilsikre novellesamlingen Sprang, og også i denne oppfølgeren avdekkes sikker omgang med språket."
Terje Stemland, Aftenposten

"På vart og intenst vis – med en antydningskunst som minner om Johan Borgen – lar Hanssen oss ane konturene av noe forferdelig. Den er en fortellerteknisk svært velgjort, fortettet og vakker novelle."
Maya Troberg Djuve, Dagbladet

"[...] dette er ei svært vellukka bok, med grundig gjennomarbeidde tekstar som er skrivne med truverde og innleving og med konsekvent og musikalsk språk."
Odd W. Surén, Dag og Tid

"[...] ein svært stilsikker språkkunstnar [...] Eg les novellesamlinga til Sigrid Merethe Hanssen med glede, fordi ho skriv så godt og novellene er både artige og triste."
Margoth Hovda-Lien, Nordlys

"Nydeleg [...] Eg blir så glad av at ho tør skriva om så lite. Eit tomt hus. Gode sjeler som er nær kattar. Sveitt trening. Lys. Hadde eg hatt peiling på litteratur kunne eg kanskje skrive at dette er ein ny Vesaas, men det blir for teit, for Sigrid Merethe Hansen er spesiell. Ei ny stemme. Som ein skal lesa sakte. Orda hennar er av og til som kodar. Ho forklarer ikkje kva ho vil fortelje, ho viser det. I bilete. I rytmar også, synest nå eg."
Kjell Gjerseth, Stavanger Aftenblad


ISBN: 9788252173369

Kategoriar: Sigrid Merethe Hanssen

Emneknagg: 2009, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Sigrid Merethe Hanssen