I

Arild Hoksnes er på sporet av den store Romsdalskonspirasjonen. Forfattaren har i årevis bidratt med humoristiske innspel i NRK og som omreisande artist på Vestlandet og i Trøndelag. No avslører han nådelaust det skitne spelet til Kjell Magne Bondevik, Kjell Inge Røkke, Kjell Karita Bekkemellom Orheim og resten av guteklubben. Gjennom eit nettverk av maktmisbruk og lokalpatriotisme planlegg no romsdalingane å ta styringa i Noreg. Ei lattervekkjande bok om eit djupt alvorleg tema.

Folket som bur inneklemt mellom Nordmøre og Sunnmøre har sakte, men sikkert okkupert alle strategiske posisjonar i samfunnet. Forfattaren avslørerer korleis romsdalingane, småkvalme av svele og ananasbrus, kviler seg til makt, og sig inn i viktige verv for å ta over landet vårt. På plassar der ingen skulle tru at nokon kunne bu sit vârsjuke og maktsjuke romsdalingar og trekkjer i trådane. Denne skremmande konspirasjonen går heilt opp til statsministeren, og vidare!

Dei må ha ein plan, romsdalingane. På annan måte går det ikkje an å forklare at det brått sit romsdalingar i posisjonar overalt. Denne dokumentasjonen er bygd opp av uomstøytelege bevis, klassiske romsdalsskrøner og avslørande I-mail.

ISBN: 9788252162981

Kategoriar:

Emneknagg: 2003, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type

Meir frå Kjell Arild Hoksnes