I den kalde molda brenn eit bål

Finn Øglænd

Melankolske dikt på ein energisk-rastlaus måte

Med ærleg undring, beisk sjølvironi og rå, mørke klangar er Finn Øglænd ute med ei ny diktsamling. Dikta krinsar omkring språkløyse og kommunikasjon, om forhold mellom kvinner og menn. Dette er Øglænd på sitt beste.

Som om vi nett var fødde.
Der er ord vi ikkje kan sjå i mørkret.
Lykka er å gå herfrå:
Kvar bokstav utviska, kvar utsegn vag.

Frå Bokmeldingar

"I denne diktboka møter lesaren ein poet som medvite skriv seg inn i ein krok, for så nådelaust å dømme eigne poetiske utsegner ugyldige, daude og makteslause – for all framtid. Poeten let orda balansere på ein umogleg og kontradiktorisk egg. Blir orda dytta utfor og fell i djupet, skjer det utan at diktar-eget trekk ei mine."
Sindre Ekrheim, Bergens Tidende

"[...] en svært solid samling som fortjener mange lesere."
Arne Hugo Stølan, VG


ISBN: 9788252173130

Kategoriar: Finn Øglænd, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2008, Hefta,

Sjanger: Lyrikk, drama og essay



Meir frå Finn Øglænd