Husmorparadiset

Anna Jorunn Avdem

Den heimeverande kvinna med rullar i håret, ho som polerte vindauge og strauk klede, og som hadde middagen klar då far kom heim frå jobben - kvar blei det av ho? Ho hadde si glanstid på 50-, 60- og 70-talet, og er no mest som eit nostalgisk minne. Men no får ho si eiga bok!

Det har blitt ei personleg og varm bok - som er humoristisk utan å vere kynisk eller ironisk. Husmorparadiset handlar om alle dei ulike sidene ved husmorrolla, slik ho blei forma i tiåra etter krigen. Boka viser korleis husmorrolla blei reindyrka gjennom reklame, filmar og litteratur, i ein periode då mange meinte at kvinna primært var til for mann og barn. Illustrasjonane er henta frå tidas dame- og vekeblad, aviser, husmorfilmar og reklame. Eit velkome gjensyn!


ISBN: 9788252158878

Kategoriar: Anna Jorunn Avdem

Emneknagg: 2001, Hefta,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Anna Jorunn Avdem