Last ned omslag

Bla-i-boka

Huset på prærien

Tora Seljebø

Om unge jenter og vaksne menn.

To søstrer bur med mor si i eit hus på prærien. Ein dag flyttar hestetemmaren inn, og romanen skildrar korleis jentene nærmar seg han. Lengselen etter å bli sett er stor og katastrofal. Huset på prærien er ein roman om unge jenter og vaksne menn, om bilturar om natta, om sandstormar, hestar, om grenseovergangar og reglar som blir viska ut.

Frå Bokmeldingar

Terning 5 Huset på prærien er som ein roadmovie regissert av Ingmar Bergman. Men til manus av Vibeke Løkkeberg ... Det er ei mørk, tenksam, sympatisk bok som ikkje dømmer nokon, sidan me alle i praksis er dei eigenskapane me inneheld og dei handlingane me set i gang og med vilje utset oss for. Her er kloke observasjonar om syskendynamikk og sjalusi, om misforstått innleving generasjonane imellom, og om driftenes spel med den oppskrytte frie viljen.
Eirik Lodén, Stavanger Aftenblad

Tora Seljebøs Huset på prærien er ei vakkert skrive bok ... Seljebø vektar orda sine nøye heile forteljinga gjennom, og det har lesaren mykje att for.
Maria Horvei, Klassekampen




Meir frå Tora Seljebø