Hundre bønder

Rolf Sagen

Hitraaksjonen sommaren og hausten 1975 dannar bakteppet for denne spennande og intense romanen.

Aksjonen spreidde seg raskt til nabokommunane og var like ved å bli landsomfattande då det vart kalla inn til stormøte på Hitra. Sagen var sjølv til stades på dette møtet, og han skriv modig, engasjerande og godt om det presset styresmakter og media sette bøndene under. Vi får ta del i den spennande og intense jakta på dei reelle bakmennene og ser korleis forfattaren opplevde å bli pressa til å leggje vekk materialet han arbeidde med. Det er også ei bok om det å leite etter identitet, og det å høyre til ein stad. Dei underliggjande konfliktane er framleis like sterke og like aktuelle både nasjonalt og internasjonalt som dei var for 26 år sidan. Såleis er boka om Hitraopprøret ø og korleis det blei opplevd på nært hald - viktig for å skjøne dagens samfunn. I tillegg er Hundre bønder litteratur med nerve og spenning.


ISBN: 9788252158816

Kategoriar: Rolf Sagen

Emneknagg: 2001, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Rolf Sagen