Hundorp

Arnfinn Engen | Rasmus Stauri

Få gardar i Noreg er i same grad som Hundorp knytt til rikshistoria, først og fremst gjennom kristningsverket til kong Olav Haraldsson.

Denne boka går tilbake til dei dramatiske mytane, kastar nytt lys over historiske fakta og dreg linene frå dei eldste tider til dei nyaste visjonane for staden. Forfattarane syner også korleis Hundorp har spela ei viktig rolle i den regionale og lokale historia, som sorenskrivargard og som sete for Gudbrandsdalens Folkehøgskule frå 1915 til 1987.

Da Hundorp vart vald som tusenårsstad for Oppland, var det ein av dei gamle storgardane, og i periodar eit sosialt og politisk sentrum i Gudbrandsdalen, som på ny vart trekt fram i lyset. Den mangslungne historia er her utdjupa av forfattarane Arnfinn Engen, Harald Jacobsen, Jan Henning Larsen, Kari Møyner, Rasmus Stauri, Tormod Stauri, Gro Steinsland og Ragnar Øvrelid.


ISBN: 9788252165524

Kategoriar: Arnfinn Engen

Emneknagg: 2005, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Arnfinn Engen