Hoppe i havet

Oskar Stein Bjørlykke

Med denne utgivinga stadfester Bjørlykke på ny at han evnar å gå inn i barnets sansingar og tankar på ein truverdig måte. Med enkle grep får forfattaren fram møtet mellom eit ope barnesinn og kjensler og opplevingar som set dette sinnet i rørsle. Her er ei sterk rørsle utover, bort frå ei verd som kanskje er for snever for dei erfaringane hovudpersonen gjer.

Denne samlinga inneheld også vakre dikt om møte mellom barn, og boka eignar seg godt for høgtlesing og samtale mellom den vaksne lesaren og barnet.


ISBN: 9788252171297

Kategoriar: Oskar Stein Bjørlykke

Emneknagg: 2007, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Oskar Stein Bjørlykke