Ho som ror

Marit Kaldhol | Justyna Nyka

Denne boka er både eit knippe dikt og ei fortelling om ei ung jente som grip årene og ror. Vi blir med på ein rotur gjennom tida, der jenta utforskar, drøymer, lengtar, sansar - på leiting etter rytmen i sitt eige liv. Dikt for ungdom. Illustrert av Justyna Nyka.

ho kjem til fjorden

han er der

han ligg roleg

han ser ikkje vekk

han spør ikkje kor ho har vore

han seier ikkje kor ho skal fare

han tar imot henne held båten hennar

ho kjem til fjorden han er ein venn

i dag ligg han roleg pustar under henne

ho ror medan hendene hans grip inn i landskapet

Frå Bokmeldingar

"Kaldhol skriv i frie vers og evnar med enkle formelle middel å skape dikt som ufordrar lesaren."
Sindre Ekrheim, Bergens Tidende

"Fabulerende sjarm og iboende evne til medskapende diktning"
Lars Roger Furnes, Sunnmørsposten


ISBN: 9788252170115

Kategoriar: Marit O Kaldhol

Emneknagg: 2007, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Marit Kaldhol