Last ned omslag

Bla-i-boka

Hjartemekanikk

Kristina Leganger Iversen

Sterke dikt om tap frå debutant

I den eine augeblinken er dei på veg til stranda for å bade, i neste augeblink blir dei påkøyrde av ein bil.

I denne diktboka flyttar vi oss mellom fire tidsplan: Starten på ein sambuarskap, ulykkesdagen, sjukehusopphaldet og tida etterpå. I varierte tekstar, frå poetiske sekvensar til små forteljingar og dialogar blir vi kasta att og fram mellom kjærleik og sorg, glede og sakn. Hjartemekanikk er ei bok om det som kunne ha vore, og om å vere den som blir åleine med minna.

Frå Bokmeldingar

Ei bok om dei store tinga i livet, kjærleik, sjukdom, død og sorg. Som lyrisk roman er boka imponerande; formbevisst, interessant og smart.

Tore Elias Hoel, Dag og tid

Turnerer hjerte og smerte med stil ... Kristina Leganger Iversens poetiske univers er utpreget musikalsk der hun dissekerer ord for ord, organ for organ, i en både besyngende og obduserende modus ... debuten er original og undersøkende nok til at vi kan vente oss mer språkarbeid fra den unge debutanten.

Silje Stavrum, Dagbladet

Kjærleiken og døden, desse eldgamle tema. Men i denne boka har forfattaren klart å skriva fram eit dobbelt blikk for dette som det er spennande å følgja. Det er ein fin debut, der trådane og kompleksiteten er bokas styrke.

Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen


ISBN: 9788252178050

Kategoriar: Kristina Leganger Iversen, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2011, Innbunden,

Sjanger: Lyrikk, drama og essay



Fleire bøker av Kristina Leganger Iversen