Historier frå Wienerskogen

| Knut Ødegård

��don von Horv��th blei fødd den 9. desember 1901 i Rijeka i Austerrike-Ungarn og han døde i Paris, dit han var kommen på flukt frå nazistane, den 1. juni 1938: det var torev��r og Horv��th søkte ly under eit tre på Champs-Elys��es, lynet slo ned i treet, ei grein fall av og trefte med dødeleg kraft Horv��th i hovudet.

Det har blitt sagt at måten Horváth døde på godt kunne ha vore henta frå eit av hans eigne stykke, ja til og med at den utseier noko essensielt om eigenarten ved stykka hans, som elles gjerne blir kalla for «folkestykke», ein slags austerrikske «folkekomediar» i tradisjonen frå Johann Nestroy, der, hos Horváth, personane snakkar over seg og jamt tyr til store ord og vendingar i eit liksom-fint-språk, slik blir det gliper mellom språk og røynd, mellom samfunn og menneske – og slik oppstår òg medkjensle med dei små i livet. «Alle stykka mine er tragediar, dei blir komiske berre fordi dei er så skremmande,» som Horváth sa det.

I tyskspråkleg litteratur blir Horváth no saman med Brecht sett på som dei viktigaste dramatikarane i førre hundreåret, men han var lenge gløymd, det var først på 1960-talet då særleg Peter Handke trekte han fram at han blei oppdaga på nytt. Etter den tid har Horváth blitt ein av dei mest spelte dramatikarane i Tyskland, Sveits og Austerrike, med stykke som Glaube Liebe Hoffnung (Tru håp kjærleik, 1936), Kasimir und Karoline (1932) og ikkje minst med Historier frå Wienerskogen (Geschichten aus dem Wienerwald, 1931), gjerne rekna som meisterverket hans.


ISBN: 9788252162011

Kategoriar:

Emneknagg: 2003, Hefta,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Ödön von Horváth