Himmelen over Shetland

Øystein Orten

Historier om motstand og eksil 1940-45

Spennande historisk dokumentar om 2. verdskrig i Noreg. Historia om krigen i Noreg fortalt gjennom skjebnane til ei rekkje einskildpersonar. Forfattaren viser korleis historiene til Shetlands-Larsen, Martin Linge, Jan Baalsrud og mange fleire grip inn i kvarandre i ei stor forteljing om krigen.

Ei historie om korleis vanlege folk blei trekte inn i krigshandlingane, og dei skjebnesvangre vala dei måtte ta. Somme ville slåst mot overmakta og gjekk inn i motstandskampen. Andre såg eit høve til å kome seg opp og fram i livet. Og alle vart dei merkte for livet.

Boka byggjer på eit omfattande kjeldearbeid og intervju med mange informantar.

Frå Bokmeldingar

"En av årets mest velskrevne krigsfortellinger er Øystein Ortens Himmelen over Shetland, med handling fra Vestlandet og Trøndelag, der skjebnene til motstandsfolkene og forræderne i Henry Rinnans bande er flettet inn i hverandre på en gripende måte."
Ulf Andenæs, Aftenposten

"Den mest originale av årets krigsbøker [...] Det gjer ikkje noko om denne boka vert å finna under mange juletre i år"
Egil Morland, DagenMagazinet


ISBN: 9788252173239

Kategoriar: Fakta og dokumentar, Øystein Orten

Emneknagg: 2009, Innbunden,

Sjanger: Historie



Meir frå Øystein Orten