Hestehandlaren Kjell Opseth

Dag H. Nestegard

Mannen som forma Noreg

Samferdselsminister Kjell Opseth (f. 1936) var mannen som etter fl eire tiår med prat fekk Stortinget til å vedta ein fl yplass på Gardermoen med eit toppmoderne fl ytog på den første høgfartsbanen her i landet. Det var også han som etter ein hestehandel med SV fekk bygd den lengste vegtunnelen i verda på 24 kilometer gjennom Sogn. 

Hestehandlaren er historia om ein effektiv og viljesterk pragmatikar med svak ideologisk kjerne. Den markante og handlekraftige statsråden stod for oppmjuking av luftfartsmonopolet og gav Norwegian luft under vengene. Han var også den slue strategen som la grunnlaget for Telenors eventyrlege vekst. Kraftsosialisten og næringspolitikaren var statsråd i Gro Harlem Brundtland og Thorbjørn Jaglands regjeringar i til saman sju år, og var stortingsrepresentant i fem periodar frå 1981 til 2001. 

Boka er illustrert med foto og ei rad karikaturar.  


ISBN: 9788252186536

Kategoriar: Alle bøker, Dag H. Nestegard, Fakta og dokumentar

Emneknagg: 2016, Innbunden,

Sjanger: Biografi og portrett



Meir frå Dag H. Nestegard