Greatest hits vol. 3

Are Kalvø

Suksessane Syden, Nød og Våre venner kinesarane i ei bok!

Endeleg kjem Are Kalvøs Greatest hits vol 3, som Kalvø-fans over heile landet har venta på!

Samlinga inneheld tre bøker som alle fortel om reiser med gode formål:

  • I Syden reiser Kalvø til Syden, kanskje det hyggelegaste landet i heile verda, og finn ut at folk sanneleg gjer mykje rart når dei er langt heimafrå.
  • I Nød reiser han til Etiopia for å redde verda, og finn ut at det faktisk er veldig vanskeleg.
  • I Våre venner kinesarane et vår mann på 158 norske kinarestaurantar for å finne ut om han verkeleg er tilhengar av eit fleirkulturelt samfunn. 

Å lese denne samlinga er litt som å dra til Syden for å redde verda, og avslutte dagen med fritert banan.


ISBN: 9788252175080

Kategoriar: Are Kalvø, Fakta og dokumentar

Emneknagg: 2009, Hefta,

Sjanger: Historie



Meir frå Are Kalvø