Greatest hits vol 1

Are Kalvø

Tre av Kalvøs nittitalsverk er no samla mellom to permar. Det er vel inga overdriving å seie at ein dermed har spart ein god del perm. Tidlegare utselde klassikarar er endeleg å få tak i att, til glede for gamle og nye lesarar.

The early years:

* Absolutt Oslo

* Kunsten å vere neger

* Men fjernkontrollen min får du aldri

Dette er tre bøker frå ein av verdas største nynorsk-humoristar.

Få levande nordmenn overgår Are Kalvø i denne sjangeren. Kanskje så få som tohundreogfemti?

Boka inneheld også nyskrive forord av Are Kalvø, nyskrive etterord av Ivar Aasen og tidlegare upubliserte bidrag frå dei tre bøkene.

Are Kalvø (f. 1969) kjem frå Stranda, og bur no i Oslo. Han er kjent som skribent, radioprogramleiar, avisspaltist, forfattar og stå-opp-komikar


ISBN: 9788252162950

Kategoriar: Are Kalvø, Fakta og dokumentar

Emneknagg: 2003, Hefta,

Sjanger: Historie



Meir frå Are Kalvø