Gourmet for folket

Ole Jonny Eikefjord | Werner Anderson

Kven kunne ikkje tenkje seg å diske opp med like lekre retter til gjestene sine som dei ein får servert på restaurant? Ole Jonny Eikefjord er kjend for restaurantane Eik, Eik Annen Etage og Fjord, og i dette smykket av ei kokebok presenterer han enkle treretters menyar som er overkommelege å lage for folk flest.

Kven kunne ikkje tenkje seg å diske opp med like lekre retter til gjestene sine som dei ein får servert på restaurant? Ole Jonny Eikefjord er kjend for restaurantane Eik, Eik Annen Etage og Fjord, og i dette smykket av ei kokebok presenterer han enkle treretters menyar som er overkommelege å lage for folk flest.

Tanken er at ein skal kunne handle inn i ein heilt vanleg daglegvarebutikk same dag som ein skal ha gjester, lage maten og nyte den saman med gjestene sine.

Du blir losa gjennom oppskriftene steg for steg, og det er tydelege og inspirerande bilete av alle rettene. Boka fokuserer på sunne råvarer som er tilgjengelege over heile Noreg. I tillegg får du også tips om ost og vin. Dette er boka for alle som likar å nyte og lage herlege smaksopplevingar.

Gourmet for folket er også utstyrt med ei handleliste som du kan laste ned og skrive ut før handleturen. (pdf-fil)

Bileta i boka er tatt av fotograf Werner Anderson.

Frå Bokmeldingar

"Ole Johnny Eikfjords Gourmet for folket er på en gang en flottenfeiersk og folkelig kokebok. Den er estetisk dristig og lekker, det nærmeste vi kommer matporno i år, og evner samtidig å forklare tilsynelatende avanserte gourmetretter med enkle ord og med ingredienser som er tilgjengelig overalt. Gourmet for folket er mettet av kompetanse og inspirasjon. Årets stiligste norske kokebok!"
Frå juryens grunngjeving, Nominert til Beste norske kokebok 2008

"En praktfull gavebok som oser av overskudd i alle ledd; luksuriøs utforming, folkelig og lærerik i tilnærmingen og sanselige bilder som ikke bare treffer øyet, men også begjæret."
Karin Muri, VG


ISBN: 9788252178043

Kategoriar: Ole Jonny Eikefjord

Emneknagg: 2010, Hefta,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Ole Jonny Eikefjord