Gliper

Arnt Birkedal

Arnt Birkedals nye bok er ei glad og melankolsk diktsamling, om dei små kvardagane og det store i desse. I kjend stil leverer Birkedal ei musikalsk bok, som er både kraftfull og audmjuk.

Det er ei bok som handlar om å vere ung og ei bok om å bli gammal, ei bok om sorg og glede. Birkedal har tidlegare skrive songtekstar, dikt, kortprosa og romanar, for barn og vaksne og for begge desse målgruppene på ein gong.

Så ser me glipene Glipene i platesamlinga. Glipene i songane. Glipene i bustadfelta ute på Hundvåg.

Det ser så lettskrive ut, men her er ei behersking av det lydlege og det kjenslemessige i slike dikt, som viser at Birkedal gjennom sitt langvarige og standhaftige strev med dikt etter dikt, har nådd eit nivå der den eine linja etter den andre slentrar naturleg fram, men når ein ser etter i sanden, så står det ei særs vakkert utforma fotsporkurve der. Og når ein ser etter på den brune pubdisken, så dannar ringane etter halvlitrane ei rose som er avtrykk av liv.

Helge Torvund, Dagbladet

ISBN: 9788252169119

Kategoriar: Arnt Birkedal

Emneknagg: 2006, Hefta,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Arnt Birkedal