Fridom, likskap og gullkort

Svein Tuastad

Venstresidas nye utfordringar

Sosialdemokratiet er godt å ha i ei finanskrise. I normale tider spør likevel mange om venstresida har mista si samfunnsformande kraft. Kor er det blitt av den høge himmelen og dei store draumane? Har dei forsvunne inn i administrasjon og blankpussing av den norske modellen?

Svein Tuastad skriv om den norske venstresidas utfordringar: Kva for håp og visjonar kan politikken gi oss når velferdsstaten er utbygd? Ved å la mellom anna Drillo, historikarar, barnevernsbarn og fagforeiningsfolk komme til orde, kjem eit nytt bilete fram av kva som er godt og kva som manglar i det norske samfunnet. Tuastad kombinerer tankar om ideologi, demokrati, fridom og gode samfunnsløysingar med nære, konkrete problemstillingar frå kvardagen.

Boka er eit debattinnlegg, reiskap for politisk analyse og forsvar for sosialdemokratiet.

Frå Bokmeldingar

"[...] Tuastad fortjener mange lesere på venstresiden – og kanskje også høyresiden."
Hans Erik Næss, Dag og Tid


"Tuastad stiller viktige spørsmål på vegner av ei venstreside i lett identitetskrise."
Jan Zahl, Stavanger Aftenblad



ISBN: 9788252173949

Kategoriar: Svein Tuastad

Emneknagg: 2009, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Svein Tuastad