332,00 kr 379,00 kr
Innsiktsfullt om å skrive og skape
Ei heil verd har lese Elena Ferrantes romanar frå Napoli. Endeleg kjem boka der vi får møte forfattaren, i skrift, på heimebane. Dette er rike og kloke essayistiske tekstar og det næraste vi kjem verdsforfattaren.
Boka tek oss med til arbeidsrommet til Elena Ferrante, ein kompromisslaus forfattar med ein altomfattande lidenskap for litteratur. I brev, intervju og essay snakkar ho om korleis bøkene blir til, og kvifor det er heilt nødvendig at ei bok får leve sitt eige liv – frigjort frå forfattaren. Ho drøftar tema ho er oppteken av, blant anna morskap, feminisme, psykoanalyse, film og litteratur. Ho skriv om barndommens mektige lager av fantasi og førestillingar, og om minnefragment – og frantumaglia – som blir til forteljingar.
Omsett frå italiensk av Kristin Sørsdal
«Forteljingane livnærer seg av dette frantumaglia som ulmar under eit tilsynelatande einskapleg ytre, og som er ein slags kaostilstand ein kan starte frå, eit tåkelagt område som krev å bli lyst opp. Derifrå kjem historier og karakterar.»
– Elena Ferrante, Frantumaglia
Guri Hjeltnes, VG
«i denne tekstsamlinga får lesaren eit litterært sjølvportrett som nesten kjennest betre enn å bli invitert inn på kaffi.»
May Grethe Lerum, Bok365
«For vi møter en usedvanlig kompromissløs forfatter som foretrekker å snakke om litteratur, historie og politikk. I en personlig, fortellende og reflekterende prosa fører hun oss inn i den labyrinten av et forfatterskap hun har skapt. For de som har begrenset kjennskap til det, er boka en utmerket inngang, ikke minst til de første bøkene. Så langt jeg kan bedømme, får hun de til å ulme med en dyp, vulkansk, eruptiv glød. [...] Hennes tanker om litteratur, skriving, andre forfattere og sentrale temaer og motiver sys sammen i en lysende og tankevekkende tekstvev nydelig oversatt av Kristin Sørsdal.»
Marius Wulfsberg, Dagbladet
«Sjelden har kulturjournalistikken vært mer forvirret enn da det gikk opp for verden at Elena Ferrante avsto fra personlig oppmerksomhet, holdt sin identitet hemmelig, nektet å stå frem og ta del i sin egen berømmelse. [...] denne boken gir de flotteste begrunnelser for forfatterens valg. Blant dem: hvis boken ikke har kraft i seg til å leve sitt eget liv, så får det heller være. Og: den gode nyheten er alltid denne: det har kommet ut en bok som er verdt å lese. Slik er det også med ‘Frantumaglia’.»
Leif Ekle, NRKbok
169,00 kr 169,00 kr
I den tredje boka i Napoli-kvartetten, Dei som flyktar og dei som blir, har dei to jentene frå Mi briljante venninne og Historia om det nye namnet blitt kvinner. Elena...
169,00 kr 169,00 kr
Leda er ei 47 år gammal veletablert yrkeskvinne. Døtrene har nettopp flytta til faren i Canada, og no ser ho fram til å dra på ferie åleine til sørkysten av...
169,00 kr 169,00 kr
Nominert til Kritikerprisen for beste oversettelse 2016! Dette er den fengslande historia om to kvinner, den briljante, boklærde Elena og den lidenskaplege, ubereknelege Lila. Begge er no vaksne og har...
169,00 kr 169,00 kr
38-årige Olga blir forlaten av mannen sin etter 12 års ekteskap, til fordel for ei ung kvinne. Olga er ridd av sjalusi, raseri og sjølvforakt, og mistar sakte, men sikkert...
169,00 kr 169,00 kr
Rå og intens Napoliroman! Delias mor blir funnen død, flytande i sjøen, berre ikledd raffinert undertøy. Delia reiser tilbake til heimbyen Napoli i gravferda. Her mottek ho ei rekkje anonyme...
169,00 kr 169,00 kr
Mi briljante venninne er ein stor, filmatisk roman. Historia blir fortalt av Elena, som får vite at venninna gjennom eit langt liv, Lila, er sporlaust forsvunnen saman med alt ho...
169,00 kr 169,00 kr
Historia om det nye namnet byrjar der Mi briljante venninne sluttar. Livet til dei to venninnene held fram i kvar si retning. Studia fører Elena ut av det gamle livet,...
199,00 kr
Barnebok av Elena Ferrante Celina er favorittdokka til Mati. Ein dag dei leiker på stranda, får Mati ein kattunge av faren. Ho blir så oppslukt av den at ho gløymer...