Frå Det nasjonale boblegalleri

Anne Karin Torheim

KVEN ER FOR EKS. IRENE?Irene er ho som ikkje vil ha sitt på det tørre.Irene er ho som leitar etter ein oase.Irene er ho som kjem for å drikke, med ein tørste som skal bli eple eller song.Irene er ho som har gått så lenge i ein ørken at ho har fått ein lagnad.Ho er blitt selskapssjuk og må komme seg fram til folk.

Hovudpersonen Irene kjem og går i Det Nasjonale Boblegalleri - med og utan masker. Dette prosaverket regisserer eit poetisk portrett av Irene. Kvar einskild prosaboble inneheld scener som kastar lys over denne kvinnefiguren. Boka har eit aktivt forhold til teater, for eks Ibsen. Forfattaren vrir på nasjonale mytar med skarp presisjon og overraskande observasjonar. Slik har boka fleire norske "rollefigurar " som Roald Amundsen, Kåre Willoch, Dag Solstad etc. Og her er mange norske rekvisittar, som tran, linjeakevitt, snø, Freia Firkløver etc. Frå Det Najonale Boblegalleri er eit prosaverk med god balanse mellom eit indre og eit ytre trykk, for som det står i boka: "Heile tida prøver overflatekreftene å presse bobla saman, men blir motarbeida av gasstrykket inne i bobla".

Melding frå Dagbladet

"Tittelen blir et godt bilde, boblen, med trykket mot overflaten og det nødvendige mottrykket for å skape balanse"

Kjell Eriksson, Demokraten

"Desse tekstane har ei forunderleg evne til å fange interessa. Etter kvart som eg les, inneheld kvar tekst stadig meir enn berre det som står der svart på kvitt, fordi eg veit litt meir enn som så."

Svein Grødeland, Jærbladet

"I det hele tatt blir mann som leser imponert over skriveferdigheten og innfallsrikdommen i boka. Torheims bobler blåser i alle retninger. Men de sprekker slett ikke, de skimrer fargerikt og flott"

Atle Næss, Stavanger Aftenblad

"Det er særlig den ironiske vrien på nasjonale myter jeg finner underholdende, og som en forfriskende rensing av den nasjonale navlen - med lodotter i. Anne Karin Torheim blåser såplebobler, en lang rekke skinnende bobler. Noen svever så høyt og lenge at du rekker å fornemme dem, le og kjenne på den musserende språkleken"

Anne Schäffer, Bergens Tidende

ISBN: 9788252155150

Kategoriar: Anne Karin Torheim

Emneknagg: 2000, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Anne Karin Torheim