Last ned omslag

Bla-i-boka

Forklaringsopplysningane. Dikt i utval.

UKON

Ei av Sveriges mest særeigne poetiske stemmer

For første gong på norsk får vi med Forklaringsopplysningane presentert eit større utval dikt av den svenske poeten Ulf Karl Olov Nilsson – også kalla UKON.
UKON viser at poesi kan vere eit vis å sjå verda på, gjennom ei ramme av ulike system og dikt som er både konseptuelle og politiske, realistiske og absurde. Med stor respekt og omtanke auser han av si lange røynsle som klinisk psykolog og psykoanalytikar, i ei kontinuerleg språkleg omforming.

Utvalet er konsentrert rundt midten av forfattarskapen, mellom samlingane Vädrets hjärna (1994) og Brukaren (2011), med tyngdepunkt i gjennombrotet Stammar frå 2002. I tillegg presenterer boka nokre nyskrivne dikt.

Utval og gjendikting ved Monica Aasprong.



Meir frå UKON