{"product_id":"fine-sting-handbok-i-fritt-broderi","title":"Broderisting: grunnbok i fritt broderi","description":"Anten du broderer moderne eller tradisjonelt, lite eller stort, røft eller finsleg, er stinga grunnlaget for arbeidet. \u003cem\u003eBroderi-sting\u003c\/em\u003e samlar dei viktigaste broderistinga i eit lite og oversiktleg hefte. Her lærer du dei grunnleggjande stinga, korleis dei kan varierast, og korleis enkeltsting kan setjast saman til linjer, flater og motiv. Alt er forklart med tydelege arbeidsteikningar, og boka tek deg frå det heilt enkle til meir avanserte sting som krev litt øving.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003eFine sting \u003c\/em\u003eer ei god startbok for deg som er ny – og eit nyttig oppslagsverk for deg som har brodert i mange år.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eHeftet startar med ei kort innføring i materiale og utstyr, før stinga blir presenterte i ei logisk oppbygging. Heftet er laga for bruk: Formatet er hendig, og boka er meint å liggje open framfor deg medan du broderer.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003eFine sting\u003c\/em\u003e er første hefte ut i Laga sin serie med handbøker. Alle bygde opp rundt same lest: grundige og enkle på same tid og i eit hendig format. Sjå laga.no for meir informasjon om komande utgjevingar.\u003cbr\u003e","brand":"Kathrine Gregersen","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47975973781725,"sku":"9788234018107","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"url":"https:\/\/samlaget.no\/products\/fine-sting-handbok-i-fritt-broderi","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}