Fedras kjærleik

Sarah Kane | Jon Fosse

Stemma til Sarah Kane er ungdommeleg, direkte og upolert

Fedras kjærleik er laust basert på det klassiske skodespelet Fedra, som tek for seg myten om Fedras tragiske kjærleik til stesonen Hippolytos. Kanes versjon er ei spennande omskriving av originalen, der ho har lagt handlinga til vår tid og der stesonen og hans kjenslemessige kulde står i sentrum.

Med si særeigne blanding av brutalitet og ømheit og sine nattsvarte framtidsvoner, plasserer Sarah Kane den gamle klassikaren Fedra blant dei viktigaste verka i moderne scenekunst.

Den engelske dramatikaren Sarah Kane (1971–99) skreiv berre fem teaterstykke, men dei har gitt henne ein sikker plass som dramatikar både i teater- og litteraturhistoria.

Stykket er omsett av Jon Fosse. Han er også redaktør for Samlagets serie med omsett drama.


ISBN: 9788252174342

Kategoriar: Sarah Kane, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2009, Hefta,

Sjanger: Lyrikk, drama og essay



Fleire bøker av Sarah Kane