{"product_id":"far-levde-og-sa-var-han-dod-1","title":"Far levde, og så var han død","description":"«Du ska skrive om meg. Og du ska skrive om æill driten å!»\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eLandbruksmekanikaren Tor Hatterud kom frå generasjonar av praktiske menn, gard- og skogbrukarar og husmenn i Veldre i Ringsaker. Han skrudde alltid, hadde hender fulle av sår og merke, gjekk milevis på ski, snakka gamalmodig veldredialekt og viste kjærleik gjennom å vaske bil. Sonen Bjørn er alt anna enn nevenyttig. Han er ein homofil og funksjonshemma akademikar som jobbar i kulturfeltet i hovudstaden.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eKven var far til Bjørn? Og kva skjedde då faren døydde? Tor mista først kontroll over venstre foten. For første gong gjekk faren like sakte som den haltande sonen, og ein annleis samtale mellom far og son starta.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eNoko av det siste Tor gjorde, var eit stort byggeprosjekt. Han glasa inn verandaen, laga eit lyst og luftig rom for sol og glede.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eDette er ei forteljing om ein far som var ein heilt vanleg mann, og om liv og død.\u003cbr\u003e","brand":"Bjørn Hatterud","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":48415404982493,"sku":"9788234016479","price":349.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_f9acf38a-2921-4af4-aa0e-cd3b6323ed14.jpg?v=1787562137","url":"https:\/\/samlaget.no\/products\/far-levde-og-sa-var-han-dod-1","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}