Nynorsk retteprogram: Enkel nynorsk ordliste - digital utgåve

Samlaget

Få feilfri nynorsk med eit klikk! Saman med Lingofy har vi laga ei digital utgåve av Enkel nynorsk ordliste. Programmet søker etter feil og inkonsekvent språk, og rettar teksten for deg. Dermed har det aldri vore enklare å skrive rett nynorsk.

Produktet kan kjøpast som årleg abonnement. Når du har betalt for abonnementet, får du informasjon om innlogging og nedlasting på e-post frå Lingofy.

Enkel nynorsk ordliste er eit viktig hjelpemiddel for alle som treng å skrive nynorsk, til dømes journalistar og tilsette i offentlege og private verksemder.

Enkel nynorsk ordliste har 33 000 oppslagsord henta frå dagleglivet og frå ulike yrkesområde. Du får sjå den fulle bøyinga av alle orda. Ordlista har berre med éi form av kvart oppslagsord og er såleis ei normativ ordliste. Valet av oppslagsord og ordformer er medvite gjort og inneber at brukaren alltid kan vere sikker på å bruke ord og bøyingsformer som er konsekvente.

Abonnementet inneheld programtillegg til Microsoft Word 2016 eller nyare (Windows og Mac) og Google Docs, Google Chrome, Mozilla Firefox og Apple Safari. Eit verktøy der ein kan lage eigne språkreglar og tilleggsordlister følgjer også med.

Ønskjer du informasjon om abonnement til arbeidsplassen din? Ta kontakt med Tansa Systems for meir informasjon: salg@tansa.com.



Meir frå Samlaget