Englefangst

Solveig Aareskjold

I løpet av nokre dramatiske sommardagar blir gamle sanningar avløyste av eit nytt bilete av livet dei lever. Realisme går hand i hand med naturlyriske skildringar i denne episke slektsromanen om tre generasjonar kvinner og deira menn.

Stilt overfor det herlege i livet vil menneska som regel enten prøva ? gripa det, eller å øydelegga det. Aino er den yngste av tre søstrer p? ein gammal odelsgard som ho alltid har trudd at ho skulle ta overvar ho som skulle ta over. Men etter at kjærasten på jordbruksskulen har slått opp med henne, og eldstesøstera har sagt frå om at ho aldri vil gi frå seg odelen, går Aino i berg: ho møter ein huldremann og let seg forføra av han.

Maren, den mellomste søstera, som studerer sosialantropologi og nettopp er komen heim frå feltarbeid i Stillehavet, kjenner seg sterkt kalla til å frelsa Aino og føra henne tilbake til dei kulturelle verdiane i slektsfelleskapen og utdanningssamfunnet. Det er lettare sagt enn gjort.


ISBN: 9788252157123

Kategoriar: Skjønnlitteratur, Solveig Aareskjold

Emneknagg: 2001, Innbunden,

Sjanger: Romanar og noveller



Meir frå Solveig Aareskjold