Last ned omslag

Bla-i-boka

Elev- og lærarrolla

Peder Haug

I skuledebatten dei siste åra har vilkåra for læring stått sentralt. Peder Haug har redigert denne artikkelsamlinga der forfattarane tek for seg korleis elev- og lærarrolla verkar inn på vilkåra for læring.

Bidragsytarane tek opp temaet på svært ulike måtar og emna spenner frå utviklingsarbeid til didaktikk og spørsmål om vurderingsformer.

Boka er delt inn i to delar. I første delen er temaet korleis elev- og lærarrollene er nært knytte saman med dei rammene som er gitt i skulen, og korleis lærarutdanning, skuleleiing, læringsleiing og elevmangfald kan vere avgjerande for elevane si læring. Andre delen av boka tek opp ulike sider ved dei to rollene slik dei kjem fram i praktisk undervisning.

Boka er skriven for forskarar, lærarutdannarar, lærarar, studentar og andre med interesse for skulen.


ISBN: 9788252188462

Kategoriar: Høgskule og universitet, Peder Haug

Emneknagg: 2015, Hefta,

Sjanger: Pedagogikk og lærarutdanning



Meir frå Peder Haug