Ekstasar

Øystein Vidnes

Tenk deg at det innestengde sinnet du går rundt med plutseleg blir til ein uventa fryd. Tenk deg at du vaknar ein morgon og endeleg forstår korleis du skal bli kvitt det absurde skjeret som ligg og kviler over alt i hop. Ekstasar er ei medrivande forteljing som ikkje handlar om å finne seg sjølv, men derimot ein heilt annan.

Ekstasar er også ei forteljing om mange ulike gleder. Den kjensla som uforklarleg dukkar opp frå bak den presenningsdekte byggeplassen du nett passerte. Møter med menneske som verkar vakrare og vakrare jo meir dei gir deg å drikke. Ein tur på fjellet tidleg om morgonen. Kjensla av å få sagt det du ikkje kan sitje og halde kjeft om lenger. Ein blodig biff midt på natta. Eit hus der det er plass til alle.

Frå Bokmeldingar

Terning 6 «For en ekstase! For en roman! For en fortelling! Og for en vilje og evne til å fortelle! For en absurditet! For en eleganse! ... Denne korte romanen fra Samlaget er en perle i et grisetryne. Den slår deg overende. Og når du reiser deg har du bare lyst å lese den igjen, lese begynnelsen, lese hvordan det hele startet, nok en gang, lese slutten, lese hvordan det hele endte, nok en gang. Ekstasar utvider klisjeen om boka en ikke kan legge fra seg, Ekstasar er en bok en har lyst å ta med seg ... Gratulerer.»
Oddmund F. J. Vaagsholm, Spirit

Terning 5«Nå er han ute med ‘den vanskelige andreboken’, som skal (be)vise at han har mer å fare med som forfatter. Og det har han, teknisk språklig dyktig som han er i romanen Ekstasar. ... Dyktig språkføring og spennende formidling. Samt mange skarpe iakttagelser og fasettert humor, med snert, angående den ‘glade’ galskap.»
Lars Roger Furnes, Sunnmørsposten

«Øystein Vidnes lukkast nettopp av di han er god til å sjå og skildre små, små rørsler og faresignaliserande endringar. (...) Ekstasar har ein konstruksjon som heng godt saman og som heilt til det siste syg lesaren med seg i galskapen og forvirringa som høyrer til.»
Nøste Kendzior, Dag og Tid

«Romanen er både innovativ og sjarmerende»
Maya Troberg Djuve, Dagbladet

«Å gi seg ut på eit så ambisiøst prosjekt som denne boka er, er ikkje mindre enn eit vågestykke. Men Øystein Vidnes kjem godt frå det. Svært godt. For meg er det detaljane som gir mest. Det boblar av fantasi og forteljarglede i eit vell av små , små historier, observasjonar, skisser. Og ikkje berre det: Øystein Vidnes har tillegg både ferdigheit, tolmod og sjølvdisiplin til å nyttiggjere seg desse frodige påfunna - desse mosaikkbitane - på ein måte som gjer at han får sagt ting som vanskeleg kan seiast på anna vis. Og her vil eg seie det såpass sterkt at på dette området pløgjer Øystein Vidnes ny mark. Det vil bli lagt merke til!»
Vidar Parr, Synste Møre

«Romanen tar fatt i skjeringspunktet mellom utopi (her: anarkisme/anarki) og galskap (ordføraren i ein kommune er eg-person) og poesi/ musikk i menneskeskildringa. Eit herleg skjerings-punkt.»
Helge Rykkja, www.helgerykkja.com

«Det finnes en såkalt umiskjennelig tone i boken. Det er lun humor, kunne man tenke. Men det er lunefull humor! Ekstasene er overstadige innfall! ... Vidnes skriver best når han lar assosiasjonsmotoren gå varm, og damper ut gloser i en boklig humor som tigger om å bli lest høyt.»
Espen Grønlie, Morgenbladet


ISBN: 9788252168679

Kategoriar: Øystein Vidnes

Emneknagg: 2006, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Øystein Vidnes