{"product_id":"eit-spor-til-endes-2","title":"Eit spor til endes","description":"Torstein veks opp i enkle kår på fjellgarden Helleren i Vatnedalen på slutten av 1800-talet. Familien set sin lit til naturen, og Torstein lærer tidleg at naturen kan vera både brutalt nådelaus og uendeleg gåverik.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eFaren tar han med på jakt innpå heiene, der finst rype og rein som kan gi mat og inntekter. Saman med den yngre broren Ådne tar han også del i den daglege gardsdrifta, med å henta høy frå løene, vedhogst og dyrestell.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003ePå nabogarden bur Theoline, ho er eit halvt år yngre enn Torstein. Ho er kvikk og uredd og hoppar like langt som gutane på ski. Ho er den beste vennen han har, men no ligg barndommen bak dei, og mangt er i endring.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eDå den vide fjellheimen kring Helleren byrjar å krevja meir enn han gir, må Torstein finna sin eigen veg. Ut i vinterens øydemarker, eit spor han følgjer.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e","brand":"Tore Kvæven","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":47991740006621,"sku":"9788234018244","price":349.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"url":"https:\/\/samlaget.no\/products\/eit-spor-til-endes-2","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}