Ein stat?

Tore Grønlie |
Hefta | ISBN: 9788252151947

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price329 kr
Boka ser på fristillinga av statlege oppgåver og kva utfordringar dette skaper for demokrati og styring. Konkurransetilpassing, forvaltningsreformer og frivillige organisasjonar er nokre av dei tema som blir drøfta.

Kor langt kan vi gå med fristilling av statleg verksemd og framleis ha ein demokratisk stat? Er det langt mellom ide og røyndom i fristillingsproblematikken? Korleis har dei nye styringsrelasjonane mellom det sentrale apparat og dei fristilte utvikla seg?

Forfattarane deler fristillingsproblematikken i samfunnet inn i fire felt og kallar dei for fristillingas fire ansikt:

  • tilhøvet mellom sentralforvaltninga og statens politisk-parlamentariske sentrum
  • statsverksemd i form av statsaksjeselskap, statsforetak, særlovsselskap m.m.
  • auka sjølvstende til det lokale eller regionale kommunale styringsnivået
  • statlege oppgåver som blir forpakta av frivillige organisasjonar

Tore Grønlie

Du likar kanskje desse

Sist sett på