Ein europeisk døl

Jon Severud

Europearen Aasmund Olavsson Vinje

Aasmund Olavsson Vinje er velkjend som forfattar og som den første moderne
journalisten her i landet. Mindre kjend er det internasjonale perspektivet i
journalistikken til Vinje. Dei mange krigane og samlinga til europeiske nasjonalstatar frå midten av 1800-talet følgde Vinje ivrig med i. Det gjeld til dømes Krimkrigen, dei dansk-tyske krigane i 1848 og 1864, Italias samling, industrialiseringa i Storbritannia og utviklinga i Amerika.

Vinje sette ein ny tone i kommentar og kritikk, han var antiautoritær og like
kunnig som ironisk. Han nytta dagsaktuelle hendingar til å utvikla resonnement omkring enkeltmenneske og samfunn, stat og nasjon, og han såg også på det heimlege landskapet i eit europeisk stormaktsperspektiv.

Heilt frå dei tidlege bladstykka i Andhrimmer og Drammens Tidende og til dei siste
tekstane i Dølen tek Vinje opp internasjonale spørsmål. Dette internasjonale – helst europeiske – perspektivet har i liten grad vore kommentert i ettertida.


ISBN: 9788234001659

Kategoriar: Fakta og dokumentar, Jon Severud, Kommande bøker,

Emneknagg: 2020,

Sjanger: Fakta og dokumentar


Meir frå Jon Severud