Eg elskar og hatar

Gaius Valerius Catullus | Torgeir Bygstad

Ein poetisk opprørar

Gaius Valerius Catullus (ca. 84. f.Kr �� ca. 54 f.Kr.), også kjent som Catull, var ein av dei mest innflytelsesrike romerske diktarar i det første hundreåret f.Kr.

Med han og hans samtidige kjem det noko nytt i diktinga, ofte spøkjefull og personleg poesi. Det lange eposet vert skifta ut med korte kvardagsdikt, som tar opp kjærleik, fiendskap og venskap. Ein stadig tilbakevendande person i Catullus’ dikt, er elskarinna Lesbia. Kjærleiken til henne blir skildra i alle fasar, frå første tilnærming til avsluttande motvilje og hat.

Utval, gjendikting, forord og etterord ved Torgeir Bygstad.

Gjendiktar Torgeir Bygstad (f. 1983) har omsett Catullus’ dikt til «frie» vers, og har fokusert på å fange stemninga, uttrykka og ordvala. Dette er levande dikt, også for vår tid, og dei speler på heile det menneskelege kjensleregisteret.

Frå Bokmeldingar

Terning 5

Presis og god gjendiktning som aktualiserer et over 2000 år gammelt forfatterskap ...

Bygstad har forsynt hvert enkeltdikt med detaljerte introduksjoner som står ved siden av gjendiktningen. En god pedagogisk og visuell løsning. Eller skal vi heller si: Bærre lækkert. Som hele boka, forord og etterord inklusive.

Arne Hugo Stølan, VG


ISBN: 9788252178098

Kategoriar: Gaius Valerius Catullus, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2011, Innbunden,

Sjanger: Lyrikk, drama og essay



Fleire bøker av Gaius Valerius Catullus