Eg blir her, eg drar ikkje

Frode Grytten

Dei beste novellene til Frode Grytten i billigbok.

Frode Grytten (f. 1960) fekk velfortent kritikarsuksess, Bragepris og eit rekordstort publikum med romanen Bikubesong (1999), men forfattaren er ikkje mindre suveren som novellist.

Grytten har her valt ut 14 noveller frå dei tidlegare bøkene sine. Og alle som hadde sans for Bikubesong, vil glede seg over stil, skildring og skrivegrep i desse historiene.

Både pønk, rock, klassisk og folkemusikk finst som lydspor i Gryttens noveller. Tonane ligg der mens hovudpersonane gjenopplever bitre eller romantiske hendingar frå barneår og ungdomstid.

Som eit alternativ til manglande kommunikasjon finst ein sær og varm humor, ein mørk latter som hjelper ein til å leve, til å halde ut. Og kanskje kan alle dei store spørsmåla summerast opp i det klassiske Clash-refrenget: Should I stay or should I go?


ISBN: 9788252157246

Kategoriar: Frode Grytten, Pocket, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2000, Pocket,

Sjanger: Romanar og noveller



Meir frå Frode Grytten