Dommedagsfjellet

Astor Furseth

Ei av Noregs største naturkatastrofer, 75 år etter

Natt til 7. april 1934 skjedde ei av Noregs største naturkatastrofer i Tafjord på Sunnmøre. Ein enorm fjellmasse styrta i fjorden og opptil 60 meter høge flodbølgjer slo inn over bygdene Tafjord, Fjørå og Valldal og drap 40 menneske.

2009 markerte at 75 år hadde gått sidan denne ulykka. Samtidig fekk ulykka ny aktualitet fordi fjellet igjen varslar om skred. Men kan det verkeleg kome ei ny Tafjordulykke?

I denne boka fortel forfattaren historia om Tafjordulykka i tekst og bilete, om den dramatiske ulykkesnatta, den store mediedekninga og skredforskinga som ulykka utløyste. Eit større kapittel er vigd Åknes/Tafjord-prosjektet, overvakinga av fjellmassiva som i dag truar fjordbygdene på indre Sunnmøre.


ISBN: 9788252173765

Kategoriar: Astor Furseth, Fakta og dokumentar

Emneknagg: 2009, Innbunden,

Sjanger: Historie



Meir frå Astor Furseth