Dikt mot det nødvendige

Finn Øglænd

Dei fleste av dikta i Dikt mot det nødvendige handlar om nettopp dikt, og om det å vere poet.

Alle skrivebordsskuffe-lyrikarar - og dei finst det mange av - kan også kjenne seg att i og humre seg gjennom denne diktsamlinga. Finn Øglænd utviklar stadig sine originale og overraskande metapoetiske refleksjonar. årets bok er ei vidareføring av Hjartets protokollar (2000) og Poesi er for desperados (2001).

TIL DEN EINE LESAREN SOM KOM FOR Å H?ØYRE MEG PÅ STING

Ho har lese dei tretten diktbøkene mine og trur eg er einsam.

Ho trur eg kunne hatt bruk for henne. Kanskje har ho rett.

Kanskje det er det det går ut på. Kanskje det er for henne eg har skrive desse tretten diktbøkene.

Kanskje vi kunne blitt lykkelege saman, iallfall nesten lykkelege.

Men det kjem aldri til å skje, og ho veit det.

Neste gong legg eg diktboka mi i postkassa hennar.

Så sparar ho dei pengane.


ISBN: 9788252159721

Kategoriar: Finn Øglænd

Emneknagg: 2002, Hefta,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Finn Øglænd