Dikt frå dalen

Eldgrim H. Springgard | Aud Søyland | Trond Andersson

Ei lyrisk skattekiste med eldre og nyare dikt frå Hallingdal

Amatørdiktinga har ein sterk tradisjon i Hallingdal, ikkje minst i ungdomslagsmiljø og religiøse miljø. Mange dikt er spreidde gjennom handskrivne lagsblad og julehefte, og tema varierer frå kjærleik og natur til stølsliv og politiske hendingar.

Blant dei mange lokale lyrikarane finst òg dei som har vorte meir vidgjetne: Arne Moslåtten og Signe Seim, Olav Sletto og Guri Ulshagen. Denne skattkista av ei diktsamling samlar om lag 120 eldre og nyare dikt frå Hallingdal i ei lekker illustrert bok. Det er kunstnar Trond Andersson som står bak dei nydelege illustrasjonane.

Frå Bokmeldingar

"Lanserte lokal lyrikk"
, Hallingdølen


ISBN: 9788252172904

Kategoriar: Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2008, Innbunden,

Sjanger: Lyrikk, drama og essay



Meir frå Eldgrim H. Springgard