Last ned omslag

Bla-i-boka

Det som ein gong var

Magnhild Bruheim

Gripande oppvekstskildring

Live klargjer barndomsheimen for sal. Ho tek oss med tilbake til ulike episodar som var med på å forme dagane, dei lette og gode minna, men også det som gjorde livet utrygt.

Live klargjer barndomsheimen for sal. Ho tek oss med tilbake til ulike episodar som var med på å forme dagane, dei lette og gode minna, men også det som gjorde livet utrygt. Den unge Live er skarp, livleg og morosam. Og vi får eit godt innblikk i ei ung jentes oppvekst på 60-talet med mange tidsriktige detaljar filmstjerner, songarar, bilmerke, slagerbøker, papirdokker, mote og musikk. Heile tida ligg det eit mørke under som varslar om kva som skal komme.

Boka har sterke sjølvbiografiske trekk. Magnhild Bruheim fortel lett og humoristisk om barndommen og ungdomstida si i bygde-Noreg. Men ho skriv også ope om sorg og skuldkjensle i forholdet til ein far med psykiske problem. Magnhild Bruheim (f. 1951) bur på Lillehammer. Ho har gitt ut ei rekkje krimbøker for vaksne og ungdom.



ISBN: 9788252175677

Kategoriar: Magnhild Bruheim

Emneknagg: 2010, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Magnhild Bruheim