Det kvite kortet

Claudia Rankine

Den usynlege kvitheita

Kvifor kjem så mange velmeinte forsøk på antirasistisk arbeid frå den kvite middelklassa til kort? Er det i det heile mogleg å nå ein felles røyndom for velmeinte, privilegerte kvite og svarte som kjenner rasismen på kroppen?

Dette er sentrale spørsmål i Claudia Rankine, forfattaren av Medborgar, sitt nye stykke, Det kvite kortet. Ekteparet Virginia og Charles, to kvite kunstsamlarar, har invitert den gryande, svarte kunstnaren Charlotte til middag. Dei vil kjøpe kunsten hennar og prøver å smigre henne med refleksjon kring spørsmål om kunst, representasjon og rase.

Samtalen imploderer sakte, men sikkert, og stykket får lesaren til å vri seg i ubehag etter kvart som middagsselskapet havarerer. Det utforskar kva som skjer om ein er villig til å bli i rommet når det gjer vondt å lytte. Boka er like fullt humoristisk, og personane blir meir og meir melodramatiske etter kvart som selskapet utartar seg.

Det kvite kortet er eit politisk lesestykke med stor aktualitet og samfunnsrelevans.
Boka er ei rørande og avslørande destillering av raseskiljet slik det blir erfart i kvite rom; i stova, i kunstgalleria, i samfunnet og i vår eigen fantasi.

Frå engesk ved Kristina Leganger Iversen og Camara Lundestad Joof.


ISBN: 9788234001758

Kategoriar: Claudia Rankine, Kommande bøker, Lyrikk, drama og essay, Skjønnlitteratur,

Emneknagg: 2020,

Sjanger: Lyrikk, drama og essay


Meir frå Claudia Rankine