245,00 kr 279,00 kr
Vare dikt om å finne sin plass i tilværet
I si første diktsamling skriv Siri Økland om dei små observasjonane og vedundera i kvardagen, men ho lèt også dei store linjene mellom generasjonane tre fram. Med eit nært blikk på slekta både før og etter henne skriv ho fram ein idyll der eit mørke lurer, og ei sorg der det også finst lys. Konkret og lågmælt skriv ho blant anna om slektsgarden, om barndom og familie. Og med same pulsen skriv ho både om døden og framtida, om det mystiske og uavklara – og det å høyre til.
For kva ville du gjort i same situasjon, anna enn å sjå tilbake og prøve å knyte saman hendingar, slektsband, gjenstandar, minne og refleksjonar? Å vere rasande, skulda på nokon, Gud eller legar, er nærliggande. Siri Økland er i den reflekterande fasen og boka er vellukka på fleire plan. [...] Tilløpet til språkleg raseri finst gjennom heile boka, men noko dempar det. [...] Kanskje er også dét ein uvitande impuls: Kanskje ser døden heilt annleis ut når du har forstått beskjeden og er tvungen til eit kompaniskap med han.
Vidar Kvalshaug, BOK365
299,00 kr
Å vere tett på døden er å vere tett på livet Gjennom poetiske korttekstar og eigne foto skildrar Siri Økland livet slik det ser ut når ein veit at ein...