Den største diamanten i verda (kriminelle lidenskapar)

Gregory Motton | Jon Fosse

Kriminelle lidenskapar

Gregory Motton er fødd i London i 1961. Han har skrive eit titals teaterstykke der realismen glir mot satire og sterke uttrykk. Han har vist seg som ein av dei mest nyskapande engelske dramaturgar dei siste tjue åra.

Ei kvinne besøker ein mann i huset hans. Han er eldre og sjuk, ho litt yngre. Kvinna har med seg ektemannen, men vi møter han aldri på scenen. I løpet av stykket blir kjærleiksforholdet som har vore mellom dei to bretta ut. Det tok slutt for lenge sidan, men er der mellom dei enno. Begge skuldar den andre for å ha svikta kjærleiken, og tilskodaren følgjer møtet mellom dei som ein maktkamp om kven som har elska mest.


ISBN: 9788252168136

Kategoriar: Gregory Motton, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2006, Hefta,

Sjanger: Lyrikk, drama og essay



Meir frå Gregory Motton